Velkommen

Logo MHSB
Velkommen til Medisinsk-Historisk Selskap i Bergens nettside.
Her er informasjon om selskapets aktiviteter.

Publisert i Nettstedet | Legg igjen en kommentar

Års- og medlemsmøte 7. juni

Leiv_M._Hove
Det innkalles til års- og medlemsmøte i Medisinsk-historisk Selskap

Tid:  onsdag, 7. juni 2017 kl 19.30

Sted: Pleiestiftelsen, Kalfarveien 31
 (møterom 2. etg. nord)

Årsmøtesaker:

  1. Årsrapport 2016/2017 vedlagt innkallingen
  2. Årsregnskap 2016/2017
  3. Valg av styre og revisor 2017/2018

Foredragsholder:   Prof.dr.med. seksjonsleder Leiv Magne Hove: «Martin Luthers omfattende virke blir om mulig enda mer imponerende når vi vet at han store deler av sitt liv strevde med sykdommer».

Sommertaffel kr 150 pr. person. 
Ingen forhåndspåmelding.    

 

Vel møtt !

Publisert i Møter | Legg igjen en kommentar

Medlemsmøte 15. mars

c-j-harris-mai

Det innkalles til medlemsmøte i Medisinsk-historisk Selskap

Tid.                onsdag, 15. mars 2017 kl 19.30
Sted:              Pleiestiftelsen, Kalfarveien 31
                       (møterom 2. etg. nord)
 

Foredragsholder: 1. arkivar mag.art.
Christopher Harris
om Bergens legene og den «offentlige» prostitusjon på 1800-tallet.

Taffel kr 50 pr. person.  Ingen forhåndspåmelding.

Vel møtt !

 

Publisert i Møter | Legg igjen en kommentar

Julemøte

Julemøte ble avholdt  onsdag 7. desember.

Foredraget  «Medisinske bøker rundt 1700 – arkivene som kilde.» med dr. philol. 1. konsulent på Statsarkivet Gina Dahl måtte gå ut og vil bli satt opp igjen senere.

Det ble erstattet med «Kosmas og Damian, helgenene fra Øst» ved  cand. philol. Nina Aldin Thune.

 

 

Publisert i Møter | Legg igjen en kommentar

Haustmøtet 2016

img_5484

Haustens medlemsmøte onsdag 5.oktober vart av det heilt spesielle slaget.
Då tok nemleg ein del av medlemmene toget til Voss i samla flokk og besøkte Dr. Lærums Medisinske Samlingar.
Selskapet har ei tid hatt ein ståande invitasjon, og det var på tide å testa ut tilbodet.

Ole Didrik Lærum hadde sett ei grense på 25 deltakarar, difor måtte dei interesserte melda seg på, og dei 25 plassane var fullteikna på imponerande kort tid.
Fleire sette seg faktisk på venteliste, så det bør nok bli ein ny vossatur om ikkje så lenge.

Ole Didrik tok imot oss på stasjonen og losa oss den korte turen fram til eigedommen ”Vangsly”, eller Lærumhuset, eit kjent landemerke, sentralt plassert på Vossevangen.
Det gule sveitsarhuset er den gamle doktargarden på Voss, der det har budd legar sidan 1910 i ein familie med 5 generasjonar i same yrke.
Dei medisinske samlingane som noverande eigarar Reidun Horvei og Ole Didrik Lærum har bygt opp, er plasserte på eigedommen. Museet har i fleire år samarbeidd med Nasjonalt Medisinsk Museum ved Norsk Teknisk Museum i Oslo.

Som ein start på besøket vart vi etter god landsens skikk serverte kaffi og kaker, medan verten vår fortalde om gjenstandar på veggene og langs med langbordet der vi var sessa.

I forteljarrommet under stallen kom vi i skikkeleg medisinsk-historisk stemning.
Vi fekk inntrykk for alle sansar medan Ole Didrik formidla anekdotar frå eldre tider, knytte til gjenstandar og personar.
Mellom anna vart det fortalt om kor strålande bra samarbeidet kunne vera mellom lege og apotekar kring på bygdene.
Det moderne, klimaregulerte arkivrommet med helsehistorisk litteratur, antikke bøker og dokument fekk vi òg ta ein rask titt inn i, imponerande!

I andre høgda av stallen er det innreidd ei permanent utstilling som viser utviklinga av ulike medisinske instrument og utstyr til helsearbeid frå 1700-talet og fram til 1980-åra.
Ole Didrik er ein glitrande formidlar med ein nærmast personleg relasjon til alle gjenstandane. Når det er slik, kan ikkje publikum unngå å bli rivne med!
Her vert det praktisert forbod mot å ikkje ta på det som er utstilt.
Vi fingra flittig, noko vi som oftast må avstå frå på andre museum.

Museumsvandringa var avslutta i første høgda av stallen, der ei samling køyretøy og anna utstyr nytta i samband med sjukebesøk, vekte stor interesse.
Tida med Ole Didrik gjekk uhyggeleg fort, men slik er det alltid når noko interesserar og fascinerar.
Betre omvisar og undervisar kunne vi ikkje hatt!

Vi avslutta opphaldet på Voss med middag av lokale råvarer (hjort og molter) på Fleischers Hotell, før toget tok oss trygt attende til utgangspunktet.

Det vart eit heilt spesielt og svært minneverdig og lærerikt medlemsmøte som absolutt gjer at det kan freista med liknande påfunn i framtida!

Referent Bjarne.

Publisert i Møter, Turer | Legg igjen en kommentar

Fellestur for DMSB og MHSB.

Det Medisinske selskap i Bergen og Medisinsk-Historisk Selskap i Bergen
har gjennomført ein ny fellestur, denne gongen til Brugge og Gent i Belgia.
Vi var 29 deltakarar som hadde eit til dels travelt program i tidsrommet 15. til 19. september 2016.img_0002

Målet med turen var å få med interessante samlingar relaterte til medisinsk historie og elles oppleva lokal mat, kunst og kultur.

Brugge med sine kring 120.000 innbyggjarar er hovudstad i den belgiske provinsen Vest-Flandern og har ei historie som går attende til før romartida.
Byen var ein av Nord-Europas største i høgmiddelalderen og leiande handelsby i Nederlanda frå 1200-talet. Brugge var òg tidvis hansaby.
Den middelalderske gamlebyen er på lista til UNESCO over verdas kulturarv, og i 2002 var Brugge europeisk kulturhovudstad.img_0045

Gent med kring 250.000 innbyggjarar er ein bykommune i provinsen Aust-Flandern.
I middelalderen var Gent den nest største byen i Nord-Europa etter Paris, på grunn av sin store tekstilproduksjon.
Mykje av middelalderarkitekturen er intakt og svært godt vedlikehalden.
Sentrum er det største bilfrie by-området i Belgia.
Gent inneheld ei spennande blanding av notid og fortid og er ingen daud museumsby.

Vi budde sentralt i Brugges gamleby og hadde òg store opplevingar berre med å vandra gatelangs og bruka augo.
Første ettermiddagen i Brugge hoppa vi rett på Guided classical tour, slik at vi kunne bli kjende på staden.

Gent.
Fredagen i Gent starta med besøk i Museum Dr. Guislain.
Sjølve bygningskomplekset stod ferdig i 1857, og Dr. Guislain psykiatriske senter og treningssenter vart med tida internasjonalt kjent.
Bygningen opna som museum i 1986 og viser utviklinga innan psykiatrien frå fjern fortid til langt inn i framtida.

img_0174_edited-1

I Gent var det òg mogleg å få sjå det vidkjende Gent-alteret eller Tilbedinga av det mystiske lammet i St. Bavo katedralen.
Denne altertavla som brørne Hubert og Jan Van Eyck fullførte tidleg på 1400-talet, er omtalt som eit av verdas viktigaste målarstykke.
Tavla er ei overveldande forteljing  med kristen symbolikk.
Altertavla har vore utsett for tøff behandling, er forsøkt brend, plyndra og sensurert.
På 1930-talet forsvann eitt av dei 12 panela, det er ikkje attfunne.
Under 2. Verdskrig vart altertavla stolen fleire gonger før ho vart redda ned i ei saltgruve.
Gent-alteret var nummer ein på ynskelista over kunst nazistane var ute etter.

Medan vi var i Gent, var det òg mange som nytta høvet til ein 40-minutts kanaltur.

Brugge.
Laurdag og sundag i Brugge var det lagt inn eit variert program.
Sidan vi var for mange i gruppa for enkelte guidar og besøksstader, måtte vi ha alternativ.
Laurdagen byrja med God´s Punishment, ein guida city-tur med eit spesielt blikk på sjukdom og forsøk på hjelp og lindring. Hovudtyngda av deltakarane vart med her.
Alternativet var Kloster og kyrkjetur.
Syster Francis viste rundt i Det engelske klosteret, og avslutta med stemningsfull song i det vakre kyrkjerommet.
Jerusalemkapellet frå tidleg 1500-tal, reist av Anselmus Adornes og bygt etter planane for Den heilage gravs kyrkje  i Jerusalem, var det neste dei «alternative» fekk med seg.
Kanskje noko av det mest spesielle er at kapellet og bygningane ikring framleis er i privat eige og det i same slekta. Grev Maximilien de Limburg Stirum er 17. generasjonen etter opphavleg eigar som forvaltar denne delen av Brugges rike kulturarv.

Sundagen byrja med besøk i Sint-Janshospital, som har tatt hand om pilegrimar, reisande og sjuke i 800-år.
Det er ein av dei eldste og største hospitalsbygningane som er tekne vare på i Europa. Det gamle apoteket og urtehagen sette oss verkeleg i stemning, og Evelien Vanden Berghe, tilsett som konservator ved museet, var ein engasjert og kunnskapsrik guide.

img_0350

Besøk i Groeningemuseum stod så på programmet. Det tilbyr eit historisk og rikhaldig oversyn over belgisk og særleg flamsk biletkunst. Dei fleste av deltakarane ville ha dette med seg.
Alternativet var ein ny kyrkjetur, med Det heilage blods basilika, St. Jakobs kyrkje og Vår Frues kyrkje på lista.
I Det heilage blods kapell var dei besøkande heldige å få sjå relikviekaret med det heilage blodet som vart vist fram nett denne sundagen.
I Vår Frue har alteret i sideskipet ei svært vakker madonnastatue, utført av ingen ringare enn Michelangelo.

Det var òg lagt inn diverse fellesmåltid desse dagane, 2 middagar og 3 lunsjar, der håpet var å kunna få ta litt del i dei flamske mattradisjonane og elles få smakar som ikkje er heilt daglegdagse heime.
Heilt spesielt var det å ha lunsj i Café Vlissinghe, ein serveringsstad som i 2015 fylte 500 år.
Avsluttingsmiddagen på Cambrinus inneheldt òg ein klassisk belgisk nasjonalrett, kanin kokt i øl. Og sjølvsagt måtte diverse typar Belgisk øl testast, trappist-ølet fall særleg godt i smak hjå underteikna.

Flere bilder finnes her.

Referent Bjarne.

Publisert i Turer | Legg igjen en kommentar

Års- og medlemsmøte 1. juni

Guy RookerDet innkalles til års- og medlemsmøte i Medisinsk-historisk Selskap

Tid: onsdag, 1. juni 2016 kl 19.00 OBS !
Sted: Pleiestiftelsen, Kalfarveien 31
(møterom 2. etg. nord)

Årsmøtesaker starter kl 19.00:
a) Årsrapport 2015/2016 vedlagt innkallingen
b) Årsregnskap 2015/2016
c) Valg av styre og revisor 2016/2017
——————————

Medlemsmøte og sommertaffel kl 19.30 avholdes i år sammen med Det Medisinske Selskap i Bergen. Foredragsholder: Ortoped Guy Rooker E.R.C.S. med tema om
The Anatomical Drawings of Leonardo da Vinci – a surgeons view”.
Foredraget holdes på engelsk.

Sommertaffel kr 150 pr. person. Ingen forhåndspåmelding.

Vel møtt !

Publisert i Møter | Legg igjen en kommentar

Medlemsmøte 9. mars

IMG_1788
Det innkalles til medlemsmøte i Medisinsk-historisk Selskap

Tid:  onsdag, 9. mars 2016 kl 19.30
Sted:  Pleiestiftelsen, Kalfarveien 3 
(møterom 2. etg. nord)

Foredragsholder:

Øyelege Morten Neset med tema:

Fra «kisøge» til Fabritius

 

Taffel kr 50 pr. person.             Ingen forhåndspåmelding.

Vel møtt!

 

Publisert i Møter | Legg igjen en kommentar